26. januar 2013

lysere tider

Det går mot lysare tider her i nord. For nokre veker sidan, var det heilt svart ute heile døgnet. For eit par vekers tid sidan såg man ein lysare "strek" rundt fjella - konturane på fjella kom til syne! Og, i dag - med måneskin - var det rett så lyst ute! Eg og ei venninne starta scooterane, og satte kurs mot "Villa Gjennomtrekk"i Adventdalen. Måtte jo ut og fotografere lyset, må vite! Det var friskt ute -19*C i byen, og ein del kaldare inne i dalen. Og litt vind...


Looking South

Mot Longyearbyen

"Villa Gjennomtrekk"

Relaxing

 It is no more "night" all day in Spitzbergen. Today we drove by snowmobiles to "Villa Gjennomtrekk". It was really cold outside; -19*C, and windy. But we could see the light is comming back to Longyear City :)

Longyearbyen.
Sett frå Luftslottet/ Hiorthamn

 Etter at scooterane var parkert, satte vi oss i bilen og køyrde til SvalSat. Flott utsikt, men enda kaldare enn i Adventdalen...

The moon and Hiortfjellet.
Taken at SvalSat

Månen over Hiortfjellet.
Svalbard Lufthavn til venstre, Hotellneset til høgre.
 

2 kommentarer:

  1. Fantastisk lys - veldig flotte bilder!
    Jeg liker bloggen din og det du viser frem. Du er den første jeg har sett som strikker både ølvott og vott til andre handa også. Lurt å være varm på begge hendene :-)

    SvarSlett